TEL: Telenor kjøper Enivest i Vestland
2026-06-10 10:00:00
(Fornebu, 10. juni 2026) Telenor kjøper Enivest, ein av dei leiande
fiberaktørane på Vestlandet, i ein transaksjon verdsett til 2,5 milliardar
kroner.
Oppkjøpet omfattar Enivest sitt fibernett og om lag 28 000 kundar, i tillegg til
ein eigardel på 34 prosent i Årdalsnett, som har rundt 3 000 kundar. Telenor
styrkjer med dette posisjonen sin i ein attraktiv regional marknad og tar eit
nytt steg i strategien for å byggje skala i den norske breibandsmarknaden.
- Dette er eit viktig strategisk grep for Telenor. Vi held fram med å investere
i robust digital infrastruktur i Noreg og har tydelege ambisjonar om å vekse på
breibandsområdet, også gjennom oppkjøp. Enivest er eit veldrive selskap med
sterk stilling lokalt, som passar godt inn i vår langsiktige strategi, seier
Benedicte Schilbred Fasmer, konsernsjef i Telenor.
Fordelar for kundar og tilsette
Gjennom oppkjøpet vil kundane til Enivest få tilgang til eit breiare
tenestetilbod, inkludert Telenor sine tenester for digital sikkerheit og
underhaldningsinnhald. Enivest skal halde fram som eige selskap med same leiing
som i dag.
- Enivest har bygd opp eit sterkt fagmiljø og leverer gode tenester til kundane
sine. Telenor har lang erfaring med å drive og utvikle fibernett i stor skala,
og saman med kompetansen som allereie finst i Enivest, har vi eit godt
utgangspunkt for å ta selskapet vidare. Ved å kombinere det beste frå begge
selskapa skal vi styrkje tilbodet og utvikle framtidas digitale infrastruktur på
Vestlandet, seier Birgitte Engebretsen, administrerande direktør i Telenor
Norge.
God plattform for vidare vekst
Enivest har om lag 50 tilsette i Førde (hovudkontor), Sogndal, Florø, Stryn og
Sunnhordland. Selskapet har vore i sterk vekst sidan starten i 2001 og er mellom
dei største innan fiberkommunikasjon på Vestlandet.
- Enivest har ein sterk posisjon i regionen, ein stor kundebase og dyktige
medarbeidarar. Vi har bygd ein solid plattform for vidare vekst, og med Telenor
som ny eigar har vi gode rammer for å utvikle selskapet vidare, seier Nandor
Helgheim, administrerande direktør i Enivest.
Skala gir robuste tenester
Det norske fibermarknaden er fragmentert, og Telenor meiner større skala er
viktig for å sikre robuste og berekraftige tenester, både operasjonelt og
finansielt.
Enivest hadde i 2025 inntekter på om lag 290 millionar kroner og ein EBITDA på
rundt 130 millionar kronar. For 2026 er det venta vidare EBITDA-vekst på rundt
12 prosent. Selskapet er i stor grad ferdig med utbygginga av fibernettet, noko
som legg til rette for auka kontantstraum framover.
Som ei følgje av oppkjøpet ventar Telenor betydelege synergiar som vil bli
realisert over tid, mellom anna i form av meirsal og kryssal av Telenor sin
breiare produktportefølje. Transaksjonen er prisa til ein EV/EBITDA-multippel på
om lag 17x for 2026, og rundt 10x når synergiar er fullt ut realisert.
Det er planlagt investeringar i integrasjon og oppgradering av nettet på rundt
150 millionar kroner over tid.
Transaksjonen er avhengig av godkjenning frå Konkurransetilsynet og er venta
gjennomført i løpet av 2026.
Eigarar i Enivest
o Eviny (55,8 %)
o SFE (40,3 %)
o Tussa IKT (1,7 %)
o Nandor Helgheim (1,4 %)
o Sunnfjord kommune (0,7 %)
o Hyllestad kommune (0,1 %)
For ytterligere informasjon, vennligst kontakt:
Frank Maaø, IR-sjef (+47 91674045)
David Fidjeland, Informasjonssjef (+47 93467224)
\, vennligst kontakt:\
\
Frank Maaø\, IR-sjef (+47 91674045)\
David Fidjeland\, Informasjonssjef (+47 93467224)\