Kurs & Likviditet
Beskrivning
Land | Norge |
---|---|
Lista | OB Match |
Sektor | Tjänster |
Industri | Fordon & Transport |
2020-04-03 20:40:00
Vedlagt finn du årsmelding for Fjord1 for 2019 frå styret, inkludert årsrekneskap med notar, og rapportering om eigarstyring og selskapsleiing. Det er ingen større endringar i årsrekneskapen for 2019 samanlikna med dei førebelse tala som blei publiserte 26. februar. På grunn av uvissa rundt dei ekstraordinære tiltaka regjeringa har sett i verk for å avgrense spreiinga av koronaviruset føreslår styret i Fjord1 for generalforsamlinga at selskapet utset utbetaling av utbyte inntil vidare. Forslaget er dermed at årsresultatet på 240 millionar kroner for 2019 blir overført til annan eigenkapital. Ein meir omfattande årsrapport blir gjord tilgjengeleg 8. april. Ønskjer du meir informasjon, er det berre å ta kontakt: Kontaktpersonar Dagfinn Neteland, administrerande direktør, Fjord1 ASA dagfinn.neteland@fjord1.no +47 913 71 071 Anne-Mari Sundal Bøe, økonomi- og finansdirektør, Fjord1 ASA anne.mari.sundal.boe@fjord1.no +47 902 78 906 Om Fjord1 Fjord1 skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvenleg og påliteleg ferje- og hurtigbåttransport for kundar, oppdragsgjevarar og samarbeidspartnarar. Fjord1 er ein leiande aktør i den norske ferjemarknaden. Vi har meir enn 70 ferjer og driv også passasjerbåttenester, servering og turisme. Meir informasjon finn du på www.fjord1.no