Kurs & Likviditet
Beskrivning
Land | Norge |
---|---|
Lista | OB Match |
Sektor | Tjänster |
Industri | Fordon & Transport |
2019-11-20 08:00:00
Lågare volum og høge investeringar i eit overgangsår I tredje kvartal rapporterer Fjord1 ei driftsinntekt på NOK 705 millionar, EBITDA på NOK 278 millionar og eit resultat etter skatt på NOK 115 millionar. Høgdepunkt frå tredje kvartal: • Drifta var stabil og nedgangen i driftsinntekt i forhold til tredje kvartal i fjor skuldast forbigåande lågare ferjevolum. Driftsinntekta er venta å ta seg opp att når dei nye kontraktane trer i kraft 1. januar 2020 • Positive resultatbidrag frå alle fire segment. Solide resultat frå turisme, først og fremst frå tilknytte selskap • Nybyggings- og oppgraderingsprogrammet skrid fram med to nye fartøy i kvartalet • Fire av dei 12 fartøya som skulle leverast i fjerde kvartal 2019, kjem ikkje før i første kvartal neste år. Denne forseinkinga vil ikkje påverke oppstarten av nye kontraktar frå 1. januar 2020. Erstatningsfartøy i overgangsperioden er sikra • Auken i den netto renteberande gjeld heldt fram grunna investeringar på NOK 552 millionar «2019 er eit overgangsår med endringar i kontraktsporteføljen og vesentlege investeringar i null- og lågutsleppsfartøy og elektrifiseringsinfrastruktur. Desse investeringane er eit viktig steg mot visjonen vår om å bli den mest miljøvenlege leverandøren av ferjetransport og realisere verdiskapingspotensialet i den store og langsiktige kontraktporteføljen vår», seier adm. dir. Dagfinn Neteland Framtidsutsikter • Sterk kontraktportefølje på totalt NOK 24,5 milliardar samla verdi ut 2033, ikkje inkludert potensielle forlengingar og indeksregulering • Driftsinntekt i 2019 er venta å gå ned med 15-17% sidan fjoråret • Driftsinntekt i 2020 er venta å gå opp med 10–15% samanlikna med 2019 • Det er venta at netto renteberande gjeld vil auke ytterlegare, men snu i 2020 på grunna av betra kontantstraum, lågare investeringar og sal av infrastruktur Kontakt Dagfinn Neteland, CEO, Fjord1 ASA dagfinn.neteland@fjord1.no +47 913 71 071 Anne-Mari Sundal Bøe, CFO, Fjord1 ASA anne.mari.sundal.boe@fjord1.no +47 902 78 906