Kurs & Likviditet
Beskrivning
Land | Norge |
---|---|
Lista | Euronext Growth Oslo |
Sektor | Finans |
Industri | Bank |
2021-05-14 08:00:00
Resultat før skatt på 4,6 millionar kroner etter 1. kvartal 2021
Tysnes Sparebank har eit resultat før skatt på 4,6 mill. kr. etter 1. kvartal
2021. Dette er ein framgong på 0,6 mill.kr. samanlikna med same tid i fjor.
Forvaltningskapitalen er på 4,2 milliardar kroner, omlag 200 millionar høgare
enn ved årsskiftet.
Banken byter dataleverandør
Styret i banken vedtok i april å skifte dataleverandør frå danske SDC til
norsk/finske TietoEvry. Dette er noko som vert gjennomført saman med 51 andre
bankar i Eika-alliansen. Skifte av dataleverandør vil skje puljevis, og Tysnes
Sparebank er venta å starte på denne prosessen hausten 2022.
«Det er ei stor og viktig investering for banken å skifte dataleverandør, over
tid vil endringa redusere datakostnadene for banken og sikra at banken har
tidsriktige tenester til kundane» uttaler banksjef Dag Sandstå.
Skifte av dataleverandør medfører at driftskostnadene vil auke når prosessen
pågår, men frå 2023/24 skal det resultera i lågare driftskostnader.
Aukar staben
Banken vil auka staben med eit nytt årsverk knytt til kontrolloppgåver. Det er
kome 7 søkjarar til stillinga.
«Det er kjekt å sjå at banken er ein attraktiv arbeidsplass, vi har 7 gode
søkjarar til den utlyste stillinga i banken» seier banksjefen.
Framtidsutsikter
Pandemisituasjonen er fortsatt ikkje avklart, og det er framleis usikkherheit
knytt til utviklinga innan næringsliv og sysselsetjing dei næraste manadene.
Det er ei positiv utvikling, men ikkje slik at ein kan avlyse utfordringane
knytt til pandemien.
Banken avslutta i april forhandlingane med Etne Sparebank om fusjon. Tysnes
Sparebank sin plan for vekst og utvikling som frittstaande bank er god, og
denne viser at banken kan levere resultat framover slik det tidlegare har vore
annonsert - 5 til 7 % avkastning over bankrente.
Dersom det er spørsmål til pressemeldinga kan desse rettast til banksjef Dag
Sandstå telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.
Tysnes, 14. mai 2021
Dag Sandstå
Banksjef