Kurs & Likviditet
Beskrivning
Land | Norge |
---|---|
Lista | Euronext Growth Oslo |
Sektor | Finans |
Industri | Bank |
2021-08-13 08:00:39
1,7 mill. kroner i resultatbetring
Tysnes Sparebank hadde eit resultat på 15,3 mill.kr. før skatt ved
halvårsskiftet for rekneskapsåret 2021.
På same tid ifjor var tilsvarande resultat på 13,6 mill.kr.
«Vi er nøgde med utviklinga for banken i 2021, sjølv om det framleis er
krevjande tider» uttalar banksjef Dag Sandstå.
Banken har ein kontrollert vekst i 2021, ved halvårsskiftet er veksten på omlag
3 %. Veksten kjem i hovudsak innan personkundemarknaden.
Stor vekst i innskot
Hittil i år har banken hatt ein vekst i innskot på heile 9 %. Det er innskot
både frå verksemder og privatpersonar som er grunnlag for denne veksten.
Framtidsutsiktene
Pandemien er framleis ein situasjon der vi må fylgje tett endringane frå dag til
dag. Så langt har det ikkje vore dramatiske konsekvensar for bankens kundar. Når
ferietida er over er det i fleire land kome ei fjerde bølgje i
pandemisituasjonen, vi vonar dette ikkje vil skje i Noreg.
Det lokale næringslivet har kome godt gjennom den vanskelege tida som vi har
hatt det siste året. Utsiktene framover for regionen er optimistiske. For Tysnes
Sparebank er det lagt ein plan om vekst i tida framover. Banken vil i det korte
tidsbilete fokusere på vekst mot privatkundar, og opprettholde status innan
bedriftsmarknaden.
Dersom det er spørsmål til pressemeldinga kan desse rettast til banksjef Dag
Sandstå telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.
Tysnes, 12. august 2021
Dag Sandstå
Banksjef