Kurs & Likviditet
Beskrivning
Land | Norge |
---|---|
Lista | Euronext Growth Oslo |
Sektor | Finans |
Industri | Bank |
2022-08-15 20:00:00
Solid resultatforbedring - 6,4 mill.kr. i resultatframgang
Den lokale sparebanken i Sunnhordland hadde eit svært godt første halvår 2022.
Driftsresultatet før skatt er på heile 21,7 mill.kr., ei solid forbedring
samanlikna med same tid i 2021.
Hovudgrunnen til forbedringa er auke i renteinntekter og lågare kostnader
samanlikna med året før.
«Dette er eit svært godt resultat for banken så langt i år. Det er vårt lokale
bankkonsept som gjev grunnlaget for framgangen. Gode medarbeidarar på dei lokale
kontora er noko kundane i dagens usikre verdssituasjon set meir pris på enn
nokon gong» seier banksjef Dag Sandstå.
Kostnadsreduksjon på 2 mill. kroner i 2022
Så langt i år har banken 2 mill.kr. lågare kostnader samanlikna med same tid i
2021. Fokus på kostnader er stort i banken, og noko av reduksjonen kan
forklarast med at det i 2021 vart avsett ekstra kostnader for å ta høgde for
skifte av dataleverandør i 2022 og 2023.
Vekst i utlån til personmarknaden på 5 %
12 månaders veksten i utlån til personmarknaden er på 5 %. For bedriftskundane
har banken så langt i 2022 vore forsiktig med å ta inn nye kundar.
«Vi har hatt ein strategi så langt i 2022 på å vera forsiktige med
utlånsveksten. Det er usikre tider for både privatpersonar og bedrifter noko som
også påverkar bankens utlånspolitikk» uttaler banksjefen.
Framtidsutsikter
Uroen og krigen som pågår mellom Russland og Ukraina påverkar også vår lokale
økonomi. Det er stor auke i prisar på mat, drivstoff, straum, rentekostnader og
andre varer. Dette medfører større usikkerheit enn på lang tid med tanke på den
økonomiske utviklinga.
Tysnes Sparebank sitt langsiktige mål er å oppretthalde lønsam vekst i åra som
kjem. Det er framleis eit godt driftsgrunnlag for dei små bankane i Noreg. I
2023 skal Tysnes Sparebank feire 160 års jubileum som den einaste gjenverande
lokalbanken i Sunnhordland.
Dersom det er spørsmål til pressemeldinga kan desse rettast til banksjef Dag
Sandstå telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.
Tysnes, 15. august 2022
Dag Sandstå
Banksjef