Beskrivning
Land | Norge |
---|---|
Lista | OB Match |
Sektor | Tjänster |
Industri | Fordon & Transport |
2021-08-27 09:00:00
o Fjord1 har halde fram med trygg og ansvarleg drift under heile
koronapandemien. Selskapet har teke godt vare på tryggleiken til dei tilsette,
kundar og leverandørar, og har oppfylt ansvaret som leverandør av kritisk
transportinfrastruktur i kyst-Noreg.
o Inntekta i andre kvartal var 708 millionar kroner. Det er ein nedgang på seks
prosent frå same kvartal året før, i hovudsak som følgje av bortfall av
ferjekontrakten på Molde-Vestnes.
o EBITDA var 190 millionar kroner i andre kvartal, ned frå 245 millionar i same
kvartal året før. EBITDA-marginen fall til 27% frå 33% i same kvartal året før,
noko som speglar dei lågare inntektene, høgare vedlikehaldskostnader for
ferjene, og fortsett svake resultat i turismesegmentet på grunn av dei
internasjonal reiserestriksjonane under Covid-19.
o Investeringane var på 81 millionar kroner i andre kvartal, og netto
renteberande gjeld (NIBD) fall til 5,206 milliardar per 30. juni 2021.
o Porteføljen av langtidskontraktar har ein verdi på 22,7 milliardar NOK, og gir
saman med våre langsiktige ambisjonar for turisme eit solid grunnlag for vidare
utvikling av Fjord1.
Inntekta for det første halve året 2021 var 1,399 millionar kroner (1,503), mens
EBITDA var 387 millionar kroner.
«Drifta var stabil gjennom heile første halvår, sjølv om vi hadde høgare
vedlikehaldskostnader for ferjene og turismesegment framleis er påverka av dei
internasjonale reiserestriksjonane på grunn av Covid-19. Investeringane er på
veg ned frå dei høge nivåa i 2020, sjølv om vi held fram med
elektrifiseringsprosjekta våre. Vi har redusert nettogjelda med meir enn 600
millionar kroner det siste året, og kjem til å bruke den kontantstraumen og
inntekt frå sal av infrastruktur til redusere gjelda ytterlegare i andre halvdel
av året.» seier administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.
Framtidsutsikter
Fjord1 kjenner seg sikker på at det også i framtida vil vere stort behov for
trygg, miljøvennleg og påliteleg transport i kystregionane. Selskapet vurderer
kontinuerleg nye anbod i den norske marknaden, og mogelegheiter utanfor Noreg.
Selskapet sin sterke kontraktsportefølje er verd 22,7 milliardar NOK før
opsjonar og indeksregulering, og strekk seg gjennom 2034, noko som gir ei solid
plattform for lønnsam vekst.
Fjord1 ser stabile utsiktar for resten av 2021, dersom ein tek omsyn til dei
sesongmessige variasjonane mellom dei to kvartalane som er att av 2021.
Fjord1 har ein sterk operasjonell kontantstraum, og i kombinasjon med lågare
investeringar og inntekt frå sal av infrastruktur vil dette bli nytta til å
redusere renteberande gjeld ytterlegare i andre halvdel av året.
Rapporten for første halvår 2021 er lagt ved meldinga, og er også å finne på
https://www.fjord1.no/Investor-Relations/Rapportar-og-pressemeldingar/Rapportar/
Rapportar-2021.
Kontaktar
Dagfinn Neteland, adm. dir. Fjord1 ASA
dagfinn.neteland@fjord1.no
+47 913 71 071
Eller
Anne-Mari Sundal Bøe, økonomi- og finansdirektør, Fjord1 ASA
anne.mari.sundal.boe@fjord1.no
+47 902 78 906
Om Fjord1
I Fjord1 har vi som mål å vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av
miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport for kundane, oppdragsgjevarane og
samarbeidspartnarane våre. Fjord1 er ein leiande aktør på den norske
ferjemarknaden og har over 80 ferjer. I tillegg til passasjerbåttenester driv
selskapet verksemd innanfor catering og turisme.
Les meir på www.fjord1.no