Beskrivning
Land | Norge |
---|---|
Lista | OB Match |
Sektor | Tjänster |
Industri | Fordon & Transport |
2022-04-07 11:43:12
Vedlagt er årsrapport for Fjord1 for 2021.
Årsrekneskapen vart godkjent av styret i Fjord1 6. april 2022. Vi gjer
oppmerksam på at årsresultatet for 2021 er revidert til NOK 137,5 millionar frå
NOK 104,5 millionar som vart rapportert i dei førebelse tala publisert 1. mars
2022. Skilnaden kjem grunna justeringar knytt til oppgjer av ferjekontraktar og
klassifisering av drifts- og pensjonskostnadar. Dette auka eigenkapitalen frå
NOK 2 537 millionar til NOK 2 570 millionar, tilsvarande eigenkapitaldel på 25%,
og auka netto kontantstraum frå verksemda til NOK 1 195 millionar frå NOK 1 172
millionar. Det var elles ingen andre større endringar frå dei førebelse tala.
Fjord1 lanserer også sin eigen berekraftsrapport for 2021, for meir informasjon
sjå www.fjord1.no.
Ønskjer du meir informasjon, ta kontakt med:
Dagfinn Neteland, administrerande direktør, Fjord1 AS
dagfinn.neteland@fjord1.no
+47 913 71 071
Anne-Mari Sundal Bøe, økonomi- og finansdirektør, Fjord1 AS
anne.mari.sundal.boe@fjord1.no
+47 902 78 906
Om Fjord1
Fjord1 skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvenleg og
påliteleg ferje- og hurtigbåttransport for kundar, oppdragsgjevarar og
samarbeidspartnarar. Fjord1 er ein leiande aktør i den norske ferjemarknaden. Vi
har meir enn 80 ferjer og driv også passasjerbåttenester, servering og turisme.
Meir informasjon finn du på www.fjord1.no