Kurs & Likviditet
Beskrivning
Land | Norge |
---|---|
Lista | Euronext Growth Oslo |
Sektor | Finans |
Industri | Bank |
2023-11-16 08:20:00
Solid resultatframgang for 3. kvartal 2023
Tysnes Sparebank legg fram rekneskapen for 3. kvartal 2023. Dette syner eit
resultat før skatt på 36,5 mill. kr., noko som er 6,7 mill. kr. betre enn same
tid i 2022. Banken har utgiftsført ekstra kostnader i samband med skifte av
dataleverandør og kostnader relatert til prosessen med Haugesund Sparebank.
«Dette er eit solid resultat for banken, og det stadfester posisjonen vår som
lokalbank i regionen. Det er gode medarbeidarar som legg grunnlaget for dette
resultatet» uttaler banksjef Dag Sandstå.
God vekst i innskot
Til tross for urolege tider ser banken at innskot frå kundar veks.
Innskotsdekninga i banken ved utgangen av 3. kvartal er på heile 85 %.
Stor pågang til banken
Dei siste månadene har banken opplevd ein stor pågang frå både nye og
eksisterande kundar. Utlånsveksten dei siste 12 månadene er på heile 9,5 %, noko
som er godt over det som er budsjettert.
Tysnes Sparebank fusjonerer og opprettar Sparebankstiftinga Tysnes
Styrene i Tysnes Sparebank og Haugesund Sparebank har vedtatt ein plan for å slå
saman bankane. Dette skal handsamast på ekstraordinært møte i forstanderskapet
11. desember i år.
I samband med dette vert det oppretta ei stifting på Tysnes som skal forvalta om
lag 150 mill. kr. Avkastninga i stiftinga vil kunna nyttast til utdeling av
gåver/støtte til allmennyttige føremål. Det vil bli etablert eige styre for
stiftinga i løpet av våren 2024.
«Denne løysinga meiner vi er til det beste for kundar, tilsette, eigarar og
ikkje minst lokalsamfunnet» seier banksjefen.
Dersom det er spørsmål til pressemeldingen kan banksjef Dag Sandstå telefon
90089084 (epost dsa@tysnes-sparebank.no).
Tysnes, 15. november 2023
Dag Sandstå
Banksjef