Kurs & Likviditet
Beskrivning
Land | Norge |
---|---|
Lista | Euronext Growth Oslo |
Sektor | Finans |
Industri | Bank |
2023-08-16 07:00:00
Resultat før tap og skatt på 27,4 MNOK
Halvårsresultatet i Tysnes Sparebank auka med 5,7 MNOK sidan same tid i 2022.
Dette er eit svært godt driftsresultat. Det er stor pågang av nye kundar, særleg
frå privatpersonar som ynskjer å bruke den lokale nærbanken.
«Dette er eit resultat vi alle er stolte over. Grunnlaget er den dyktige staben
av medarbeidarar som kjenner dei lokale tilhøva og er tilgjengelege for kundane
når dei ynskjer kontakt med banken» sier banksjef Dag Sandstå.
Det har vore sterk auke i utlån første halvår. Samla har banken auka utlån med 7
% dei siste 12 månadene.
Banken er for første gang større enn 5 milliardar i arbeidskapital
For første gang har banken passert 5 milliardar kroner i arbeidskapital. På 10
år har banken femdobla forvaltningskapitalen inkludert lån i Eika Boligkreditt,
og samstundes klart å halde kostnadsnivået under kontroll.
Banken ser at misleghaldne lån aukar
Samanlikna med fjoråret er det ein auke i misleghaldne lån, både for privat- og
bedriftsmarknaden. Det er samansette grunnar for dette, mellom anna den store
auken i rentenivået i Noreg og den internasjonale økonomiske uroen som råder.
Auka tapsavsetjingar
Banken auka tapsavsetjingane med om lag 3 MNOK for å ta høgde for dei utfordrane
tidene norsk økonomi er inne i.
«Vi ser ein auke i misleghaldne lån, særleg mange verksemder slit med
likviditeten. Det er ei utfordring for oss i tida som kjem, det er viktig for
oss å vera tett på kundane og finna løysingar saman med kunden på eventuelle
vanskar som oppstår» uttaler banksjef Dag Sandstå.
Dersom det er spørsmål til pressemeldinga kan desse rettast til banksjef Dag
Sandstå telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.
Tysnes, 15. august 2023
Dag Sandstå
Banksjef