VVL: Generalforsamlingsinformasjon
2025-04-29 20:52:16
Den 29. april 2025 vart det helde generalforsamling i Voss Veksel- og
Landmandsbank ASA.
Generalforsamlinga fatta fylgjande vedtak kring godkjenning av rekneskapen for
2024:
«Årsrekneskapen og årsmeldinga for 2024 vert godkjend og overskotet nytta slik
som styret gjer framlegg om. Kr 16,50 pr. aksje i utbytte vert å betala ut til
dei som står registrert som aksjeeigarar i banken pr. 29. april 2025.»
Aksjar utferda av Voss Veksel- og Landmandsbank ASA vert handla eksklusiv
utbytte frå og med 30. april 2025.
Vala vart gjennomført i samsvar med valnemnda si innstilling.
Marita Østrem vart vald som nestleiar i styret for 2 år. Gunvall Medhus vart
vald som fast medlem i styret for 2 år.
Som varamedlemer til styret for 1 år i prioritert rekkjefylgje vart Asgeir Løno
og Ida Blomhoff Pedersen vald.
Som valnemnd til generalforsamling i 2026 vart Anders Ullestad vald som leiar,
Egil Mørkve og Hilde Magnusson som medlemer og Ingjerd Skogseid som varamedlem.
Voss, den 29. april 2025
Stig Gunnar Røthe
Adm. banksjef