Måndag 13 Juli | 15:51:46 Europe / Stockholm

VVL: Generalforsamlingsinformasjon

2026-04-29 21:52:42
Den 29. april 2026 vart det helde generalforsamling i Voss Veksel- og
Landmandsbank ASA.

Generalforsamlinga fatta fylgjande vedtak kring godkjenning av rekneskapen for
2025:

«Årsrekneskapen og årsmeldinga for 2025 vert godkjend og overskotet nytta slik
som styret gjer framlegg om. Kr 18,75 pr. aksje i utbytte vert å betala ut til
dei som står registrert som aksjeeigarar i banken pr. 29. april 2026.»

Aksjar utferda av Voss Veksel- og Landmandsbank ASA vert handla eksklusiv
utbytte frå og med 30. april 2026.

Vala vart gjennomført i samsvar med valnemnda si innstilling.

Stein Kvarekvål vart vald som styreleiar i styret for 2 år. Hege Solbakken vart
vald som fast medlem i styret for 2 år.

Som varamedlemer til styret for 1 år i prioritert rekkjefylgje vart Asgeir Løno
og Ida Blomhoff Pedersen vald.

Som valnemnd til generalforsamling i 2027 vart Anders Ullestad vald som leiar,
Egil Mørkve og Hilde Magnusson som medlemer og Ingjerd Skogseid som varamedlem.


Voss, den 29. april 2026
Stig Gunnar Røthe
Adm. banksjef